Hordaland: Arkiv 2010

12. februar 2010: Tre Expressar på Snøføyka

IMG_9567

Salt, X3M og Mille har meldt seg på årets Snøføyka, som ser ut til å bli ein fin dag på fjorden i lite vind. Expressklubben kjem med fyldig dekning i løpet av helga. Du finn alt om Snøføyka her.

20. januar 2010: Referat frå årsmøtet 7. januar

Stad: DNB NOR Eigedom sine lokaler i Bryggesporen 1

Tilstades: Eirik Håland Berglund, Leif Kristian Garvik, Dag Melvær Gil, Rolf Hermansen, Karl Olav Wickmann og Kjell Magnus Økland.

1. Val av arbeidsutval 2010:

Leif Kristian Garvik, Kjell Magnus Økland, Dag Melvær Gil, Eirik Håland Berglund held fram som før. Steinar Kålås trappar ned og vert erstatta av Karl Olav Wickmann.

2. Rankingserie 2010 – form og innhald

Møtet drøfta eit framlegg til Expressranking 2010 som Steinar og Kjell Magnus hadde laga. Møtet var samde om fylgjande opplegg for Expressrankinga:

Nr. Dato Namn Arrangør Stad Banetype Vekting
1 24. april Vårbløyta Askøy SF Hauglandsosen Pølse 1.5
2 1. mai Byfjordseilasen Åsane SF Byfjorden Faste merker 1.0
3 8. mai Mildeskvetten Milde Korsfjorden Faste merker 1.0
4 11. mai Serieseglas Bergens SF Raunefjorden Pølse 1.0
5 6. juni Express-regatta Ran SF Hjeltefjorden Pølse 1.5
6 8. august Treningsamling Ran SF Hjeltefjorden Pølse 1.0
7 1. september Byfjordtrimmen Åsane/Askøy Byfjorden Faste merker 1.0
8 26. september KM Express Ran SF eller Åsane SF Hjeltefjorden eller Byfjorden Pølse 2.0

Statuttar:

Ein båt får poeng etter lavpoengsystemet og det er kun samanlagt-resultatet for dei ulike seglasane som tel på Expressrankinga. Kvar båt sine fem beste resultat tel med i Expressrankinga. Kretsmesterskapet kan ikkje strykast.

Premiar:

Rolf Hermansen tek ansvar for at årets 1. premie vert ei fokke frå North Sails. Expressklubben vil freista å få til ein tilsvarande avtale som 2009 med Seilmaker Iversen om andre og tredjepremie.

Med dette opplegget er talet på baneseglasar auka frå to i 2009 til minst fem i 2010. Hordaland Expressklubb er i dialog med Milde om pølsebane på Mildeskvetten òg. Dersom me får gjennomslag for dette vil dette få følgjer for vektinga til desse arrangementa i Expressrankinga.

3. NM 2010 – korleis sikra størst mogleg deltaking frå Hordaland?

Express-NM går i Stavanger med Stavanger SF som arrangør. Ei førebels undersøkjing tyder på at 6-7 båtar frå Hordaland vil ta turen til oljebyen 20-22. august. Hordaland Expressklubb vil flagga arrangementet høgt gjennom heile sesongen.

4. NM 2012 – i Hordaland?

NM i Expressklassen skal veksla mellom Austlandet og Vestlandet annakvart år. Sidan Stavanger no er i fin framgang vil det i praksis seia at ein kan rekna med at neste NM i Bergen vil vera i 2012. Per i dag er Bergens Seilforening og Ran Seilforening dei mest aktuelle NM-arrangørane. Express-NM vil heilt sikkert vera eit høgdepunkt både sportsleg og sosialt. Eit NM bør òg ha positiv innverknad på rekrutteringa til klassen.

5. Rekruttering/oppdatering båtlister

Karl Olav Wickmann overtar ansvaret for båtlista frå Steinar Kålås.

Hordaland Expressklubb vil freista å verta meir synleg på nettsidene til ulike seglforeiningar/seglmedia (senda ut pressemeldingar) samt vera tilstades på seglartreff og klubbkveldar i ulike seglforeiningar.

Hordaland Expressklub vil leggja til rette for at interesserte seglarar kan få prøvesegla båten.

6. Treningssamlingar

Vårsamling i Anglevik: Sundag 18. april i Ran med fokus på starttrening og båtfart. Blanda mannskap frå ulike båtar for å få til utveksling av erfaring. Filming utpå og analyse av denne etterpå + mat. Det vert jobba med å skaffa ekstern trenar. Muligens vert denne treningsamlinga gjennomført i samarbeid med Melgesmiljøet i Bergen.

NM-samling: 8. august i Anglevik: Treningsamling med fokus på banesegling og båthandling. Kanskje ein kan samkøyra transport av båtar som skal til NM i etterkant av denne samlinga, til dømes gjennom ein felles tilbringarseglas til Stavanger?

7. Økonomi

Det vil bli krevd inn 100 kr frå frå kvar båt, som går til til innkjøp av rankingpokal. Båtar som deltok i Expressrankinga 2009 utan å betala vert med dette oppmoda til å betala inn 100 kr til kontonr. 3624.29.71900. (Kontoen står i Rolf Hermansen sitt namn og alle bidrag som kjem inn der vil gå til å styrkja Express-seglinga i Hordaland.)

8. Målsetjing i ett 2-3 års perspektiv

Årsmøtet konkretiserte fylgjande mål for Hordaland Expressklubb:

–          Auka talet på båtar i Expressrankinga kvart år

–          Fleire båtar frå Hordaland i topp 10 i kvart NM

–          Ein båt frå Hordaland i topp 5 i kvart NM

–          NM-vinnar frå Hordaland innan 2012

9. Nordisk Express Mestermøte

Kjell Magnus presenterte arrangementet Nordisk Express Mestermøte og kjem til å arbeida vidare med dette i løpet av januar. Førebels må prosjektet forankrast i dei ulike regionane, ikkje minst lokalt i Hordaland og då særleg med tanke på utlån av båtar.

10. Ymse

Klasseklubben på nasjonalt plan

Etter nokre år der fleire ting ikkje har fungert optimalt, ser det no ut til at Expressklubben no vil verta meir aktiv på nasjonalt plan. Tanken er at leiarane i kvar region saman dannar eit styre på nasjonalt plan og tek seg av saker av meir nasjonal karakter. Leif Kristian Garvik vil representera Hordaland i dette styret.

Referent:

Kjell Magnus Økland

15. januar 2010: Ny giv i det nasjonale styret

Mathias Friis har sendt fylgjande epost frå Expressmiljøet i Oslo for å få ny framdrift over det nasjonale arbeidet til Expressklubben:

For å bidra til dette, så tror vi det kan være lurt at alle regioner er representert i det nasjonale styret. Vi har i utgangspunktet tenkt alle regionsledere, men dette er ikke et must. Det viktigste for oss er at det er positive folk, med stor sammarbeidsevne og en entusiasme som kan få Expressklubben til å skinne som en stor diamant som klasseklubb. Vi har som kjent noen avstandsbarrierer innad i klubben, men vi klarer vel å snu dette til at vi er den eneste klubben som brer seg over hele landet med én og samme kjølbåt.

så jeg håper én av dere har anledning til å stille opp på dette. Det meste vil være telefon og mail, men det kan være nyttig og møtes én gang i året for sammkjøring – dette kan kanskje være i forkant av hvert NM.

Jeg trenger:
Navn
Telefonnummer
E-mail
Og et feiende flott bilde til nye nettsider.

Hilsen Mathias Friis

12. januar 2010: Bergens Seilforening etterlyser Express-aktivitet

Framsida til Bergens Seilforening etterlyser fleire Expressar på fjorden. Les saka hjå Bergens Seilforening her. Dette fine oppslaget vert tydeligvis lest av fleire for alt dagen etter har Seilmagasinet oppslag med dette, nko du kan sjå her. Expressklubben i Hordaland er sjølvsagt samd i at fleire Expressar gjerne må innfinna seg på fjorden i 2010.

10. janiuar 2010: Ekstremt kald Neglesprett gav X3M-siger

Frode Knutsen sin nye båt X3M viste dei andre hekken på ein uvanleg kald Byfjord med opptil 13 blå grader. Dermed vart det klassesiger i LYS 1.15 og under. Expressklubben gratulerer med flott regattadebut. Dei to andre Expressane, Mille og Schmelnick kom inn som nr. 3 og 6 i den 8 båter store klassen. Seglasen var prega av lite vind. For resultatliste klikkar du her. Fleire media har laga reportasje om årets Neglesprett-regatta: Seilas sin reportasje finn du her, Seilmagasinet sin reportasje finn du her og NRK Hordaland sin nettreportasje finn du her og innslag på Vestlandsrevyen finn du her.

8. januar 2010: Tre Expressar klar for Neglespretten

Deltakarlista til Neglespretten avslører at Mille, Schmelnick og den nye X3M vil trossa sprengkulda og stilla i årets Neglesprett. Førebels ser vêrmeldinga ut til å bli lite vind frå aust og svært kaldt, kanskje under 10 minusgrader. Dette biletet er frå Mavi sine førebuingar i 2008 då båten laut hakkast laus frå isens famntak. Det kan fort skje i Dikkedokken på laurdag òg…

7. januar 2010: Nokre kjappe meldingar frå årsmøtet

Frå venstre: Dag Melvær Giil (Mavi), Eirik Håland Berglund (NN 193), Rolf Hermansen (Nicoline), Carl Olav Wickmann (Exena) og Leif Kristian Garvik. Foto: Kjell Magnus Økland (Nicoline). Ikkje altfor stort oppmøte, men mange gode diskusjonar. Det offisielle referatet kjem i løpet av nokre dagar, men her nokre av hovedunkta:

1. Valg av styre Stort sett attval, Steinar Kålås trappar ned.   2. Rankingserie 2010 – form og innhold Nokre små endringar i høve til framlegget Årets 1. premie vert ei North fokke.   3. NM 2010 – hvordan sikre størst mulig deltagelse fra Hordaland? Mase om NM, mase om NM, mase om NM   4. NM 2012 – i Hordaland! Kan vera fruktbart både for rekruttering og sportsleg spissing. Truleg arrangert av Ran eller BS.   5. Rekruttering/oppdatering båtlister Karl Olav Wickmann overtar ansvaret for båtlista frå Steinar Kålås. Vera meir synleg på nettsidene til ulike seglforeiningar/seglmedia Vera frampå på seglartreff.   6. Treningssamling våren 2010 Sundag 18. april i Ran, fokus på båtfart   7. Økonomi 100 kr frå frå kvar båt til innkjøp av rankingpokal   8. Målsetning i ett 2-3 års perspektiv Kvart NM: Båt frå Hordaland i topp 5 Innan 2012: NM-vinnar frå Hordaland   9. Nordisk Express Mestermøte  Kjell Magnus presenterte arrangementet og kjem til å arbeida vidare med dette i løpet av januar.   10. Eventuelt. Nei.

Du finn arkivet frå 2009 her.

kjellmag

23/03/2010