Hordaland: Mavi best på Mildeskvetten

(foto: Helge Warberg)

Det stilte seks Expressar til start: Salt2, Nicoline, Exena, Excape, Mavi og Julianne. Starten gjekk sør for Herøy i skiljet mellom Korsfjorden og Fanafjorden. Fyrste legg gjekk til bøye ved Teistaflu og var fyrst ein slør rundt Korsneset og litt før Blia romma det til spinnaker. Mavi og Julianne kom godt ut av starten medan Nicoline tjuvstarta. Då båtane nærma seg Korsneset kom dei fyrste spinnakerane opp. Forbi Blia er framleis Mavi i teten, men no har Nicoline segla seg opp på ein andre plass. Det er likevel jamnt mellom dei fem fyrste båtane.

08052010178

På rundinga er det tett mellom båtane. Nicoline og Exena går austover medan resten går vestover. Det viser seg at rundt Korsneset er det fine løft og ved neste merke oppunder Lerøy er Nicoline i teten framfor Salt.

Mildeskvetten 2010-2

Runding av Blia er alltid nervepirrande, men ingen av båtane går for nært. Vinden er no oppe i 7-8 m/s og då Nicoline slår austover tek det ikkje lang tid før Salt2 kjem forbi. Excena på tredjeplass er òg med i denne gruppa om seglar austover. Då alle desse båtane seglar på feil merke og dermed overstår med 109-150 meter skiftar heile stillinga oppe ved merket. Då er det Mavi som kjem seg fyrst rundt. Salt 2 og Julianne følgjer i ein tett slørefigjht med fleire loffeangrep frå Julianne si side innover mot mål. Mavi går fyrst over linja. Salt2 vert nr. to og Mavi nr. tre. Nicoline tar fjerdeplassen, Exena femte og Xcape sjetteplass.

Du finn resultatlista her og Jlianne sin blogg her.

Du finn oppdatert Express-ranking her.

kjellmag

09/05/2010