Bykamp Express 2012

Hei

Eg har ei tid hatt eit regattakonsept for Expressen i tankane der element frå Nautic Sailing sin BergensCup, knarrklassen sitt Internasjonale Knarr Mesterskap og Norges Seilforbund sitt Mesternes Mester inngår. Tanken er i korte trekk å samla Express-seglarar frå Bergen, Stavanger og Oslo til ei helg med Anglevik (nær Bergen) som base og best mogleg segling. På sikt vonar eg at dette arrangementet kan gå på omgang mellom fleire ulike Expressmiljø i Norden.

 

I korte trekk vil dette seia at Ran Seilforening stiller fire innlånte båtar til rådvelde (for to lag frå Stavanger + to lag frå Oslo)

Seglar mest mogleg i løpet av ei helg i september

Alle løp skjer på pølsebane, vanleg fleet race

Heile arrangementet har sosial ramme, alt skjer med Anglevik som base

 

Les meir på https://docs.google.com/viewer?a=v&pid=explorer&chrome=true&srcid=0BwvaJvqM3Kw7YmJhM2VmN2UtYzkxNC00MmQ2LWFhYTEtMWUwNDNjNjk4ZTBi&hl=en_US

 

Utfordringa no går til Stavanger og Oslo om å laga ein ranking som kan fungera som kvalikgrunnlag

Og kven har lyst til å ta over stafettpinnen i 2013?

 

Helsing
Kjell Magnus Økland
Nor 81 Nicoline

 

kjellmag

01/02/2012