Hordaland: info våren 2010

P6200450

Heisann Express-folk!
Endeleg ser det ut til at snøen smeltar og det går mot vår!
Her kjem eit oversyn over det viktigaste i årets Express-sesong i Hordaland.

1. Treningsamlingar
Vårsamling i Anglevik sundag 18. april
Det vert lagt pølsebane og Ran stiller med startbåt
Expressklubben organiserer videofilming
Førebels tidsskjema:
11.00 Båtene møtest utpå ved startlinja som vert utanfor Anglevik
11-1230 Starttrening
20 minutt matpause
Ca. 1250-1400 fokus på båtfart – båtane seglar på same hals på kryss og stagvender nokolunde synkront på signal, tilsvarande på lens
1400-1500 Regatta på pølsebane: 2 rundar på pølsebane
1530-1630 Samling på land med matservering i klubbhuset til Ran SF, evaluering/video/diskusjon
1630 Avslutning
Pris 50 kr pr/pers for maten – betal kontant på staden

Treningsamling II i Anglevik sundag 8. august
Det vert lagt pølsebane og Ran stiller med startbåt
Førebels tidsskjema:
Expressklubben organiserer videofilming
11.00 Båtene møtest utpå ved startlinja som vert utanfor Anglevik
11-1230 Banesegling
20 minutt matpause
Ca. 1250-1400 fokus på båtfart – båtane seglar på same hals på kryss og slår nokolunde synkront, tilsvarande på lens – 30 min kvar veg
1400-1600 2 regattaer på pølsebane, kvart løp er 2 rundar. NB! Desse to løpa tel med i årets Expressranking.
1600-1700 Samling på land med matservering i klubbhuset til Ran SF, evaluering/video/diskusjon og premieutdeling
1700 Avslutning
Pris 50 kr pr/pers for maten – betal kontant på staden

Kanskje kan ein få til samordna transport av båtar som skal til Stavanger i etterkant av denne samlinga?

2. NM i Stavanger 20-22. august
Arrangør er Stavanger Seilforening og det er venta nærare 40 båtar på startlinja.
Stavanger-miljøet har signalisert at minst 25 båtar derifrå stiller til start.
Førebels har fylgjande båtar frå Hordaland sagt seg interessert i å delta:
1. NOR 81 Nicoline
2. NOR 86 Sun Express
3. NOR 103 Storm
4. NOR 110 Sundance
5. NOR 143 Junior
6. NOR 179 Whiplash
7. NOR 192 Excena
8. NOR 193 NN
9. NOR 219 Mavi
10. NOR 239 Salt 2

Meir info om arrangementet finst på http://www.stavangerseilforening.no
I 2011 vil Express-NM gå ein stad i Oslofjorden og i 2012 vert det Express-NM i Hordaland!

3. Hordaland Expressranking 2010

Årets Expressranking vert som som fylgjer:

Nr. Dato Namn Arrangør Stad Banetype Vekting
1 Lø 24. april Vårbløyta Askøy SF Hauglandsosen Pølse 1.5
2 Lø 1. mai Byfjordseilasen Åsane SF Byfjorden Faste merker 1.0
3 Lø 8. mai* Mildeskvetten Milde Korsfjorden Faste merker 1.0
4 Ty 11. mai* Serieseglas Bergens SF Raunefjorden Pølse 1.0
5 Lø 5. juni Sumar-regatta Ran SF Hjeltefjorden Pølse 1.5
6 Sø 8. august Treningsamling II Ran SF Hjeltefjorden Pølse 1.0
7 On 1. september Byfjordtrimmen Åsane/Askøy Byfjorden Faste merker 1.0
8 Sø 26. september KM Express Ran SF Hjeltefjorden Pølse 2.0

Reglar:
Ein båt får poeng etter lavpoengsystemet og det er kun samanlagt-resultatet for dei ulike seglasane som tel på Expressrankinga.
Kvar båt sine fem beste resultat tel med i Expressrankinga.
Kretsmesterskapet for Express kan ikkje strykast.

Kontigent:
Hordaland Expressklubb vil i år krevja ein ranking-kontigent på 100 kroner for kvar båt, slik at me kan dekka utgifter til innkjøp og gravering av vandrepremien, som er ein halvmodell av ein Expess.  Båtar som har delteke på rankingseglasar, men som ikkje har betalt ranking-kontigenten, vert stroken frå den endelege resultatlista. Denne hundrelappen kan setjast inn på kontornr. 3624.29.71900. Merk innbetalinga med båtnamn og seglnr.

Premiar:
Fyrste premie vert ei ny Express-fokke frå North Sails.

seilmaker iversen
Andre- og tredjepremie vert levert av Seilmaker Iversen.

* Det er avtalt med Bergens Seilforening at tilreisande Expressar kan liggja i hamna til Bergens Seilforening frå 8-11. mai.

Hugs at det er inga skam å melda seg på i god tid.

Hordaland Expressklubb vonar på stor oppslutning om årets Expressranking!

4. Vevside
Expressklubben sentralt har laga ei ny vevside for Expressklubben.
Den nye sida har adressa www.expressklubben.com
Stoffet på den gamle sida vil framleis vera tilgjengeleg på adressa http://express2.ep.se/Express/Page.aspx?id=29205
Hugs at skal den nye vevsida verta levande er det viktig at flest mogleg bidrar med stoff, bilete og kommentarar!
Du kan anten senda stoff til kjellmag@gmaiil.com eller laga din eigen brukarkonto på www.expressklubben.com

5. Propaganda
Hordaland Expressklubb vil i det komande gjera ein del framstøytar mot potensielle Express-seglarar,
Førebels er fylgande tiltak planlagt:
* Oppslag med Express-brosjyren + dette nyhendebrevet på Askøy SF, Anglevik, Eidsvåg, Åstveitvågen, Seilmaker Iversen, Dikkedokken, Bergens SF, Hjellestad, Milde og Os SF
* Vera synleg på Hordaland Seilkrets sine segltreff på Tracteuren
* Vera synleg på SeilVest-jollesamlingar
* Vera synleg på klubbkveldar hjå lokale seglforeningar
Den beste reklamen er det likevel Expressane sjølv som kan gjera gjennom å vera mange båtar som viser god segling!

6. Innspel eller spørsmål?
Kontakt leiar for arbeidsutvalet i Hordaland Expressklubb:
Leif Kristian Garvik
91 34 46 61
leif.kristian.garvik@dnbnoreiendom.no
Send gjerne ein epost til Leif Kristian slik at Hordaland Expressklubb har korrekt epostadresse på¨flest mogleg Express-seglarar – både skipper og mannskap!

Snakkast på fjord´n!

Helsing
Kjell Magnus Økland
NOR 81 Nicoline / Vevmakar Hordaland Expressklubb

kjellmag

20/03/2010