0
Laurdag gjekk Isbjørn-seglasen av stabelen med 26 startande båtar. Mavi var einaste Express, men segla seg bra opp etter ein litt sein start. Løpet gjekk frå Raunefjorden, med kryss gjennom Lerøyosen og kryss sørover Korsfjorden i gå skodde. Etter runding av Kyrholmen gjekk spinnakeren til vers og med frisk vind var Mavi oppe i 9 knop i dei beste surfane. Expressklubben gratulerer Mavi med årets fyrste spiker. Du finn fullstendig resultatliste her og bilete her..