Hordaland: Nicoline slørte best på Raunefjorden

P5280013-mindre

Raunefjorden kunne by på svært ujamn og svak vind. Arrangøren la ut pølsebane med start og mål midt på kryssen.

Serieseglas BS

Diverre så dreia vinden 90 grader like etter start så heile løpet vart berre sløring. Nicoline slo tidleg over på babord etter start og kunne segla mot “kryssmerket” med god fart. For Mavi og Nor 60 vart det litt forvirring om kva som var kryssmerket sidan seglingsvedtektene tydelig skriv  “orange kulebøyer,” medan det var like tydeleg for alle som var på fjorden at det arrangøren la ut var flaggbøyer med grønt flagg. I eit løp utan kryss er det få val. Dermed vert resultatet mykje godt det same som rekkefølgjen rundt det fyrste merket:

1. Nicoline

2. Julianne

3..Mavi

4. Salt 2

5. Excena

6. NOR 60 (tidlegare Sweatty Betty)

Du finn resultatlista her

Du finn oppdatert Expressranking her og Julianne sin blogg her

kjellmag

12/05/2010