Det vart ein flott dag i Hauglandsosen med tre fine løp på pølsebane i vestavind som veksla mellom 4-7 m/s.
Salt 2 viste at båtfarten er på plass og tok klare sigrar i alle løpa.
Det vart tett mellom Mavi og Nicoline om andreplassen. Det avgjerande vart eit par desimeter som var til Mavi sin fordel ved målgangen i det fyrste løpet.
Julianne gjorde comeback og viste fin segling i fleire av løpa. Det same gjeld `og for “210”.
Resultat:
1. Salt 2 1 1 1 3 P
2. Mavi 2 2 4 8 p (går føre grunna A8.1)
3. Nicoliine 3 3 2 8 P
4. Julianne 4 4 3 11 P
5. “210” 5 5 5 15 P
Du finn fullstendige resultat her.
Vårbløyta var og fyrste løpet i årets Expressranking i Hordaland.
Med vekting 1,5 vert poengstillinga der som fylgjer:
1. Salt 2 1 P
2. Mavi 3 P
3. Nicoline 4,5 P
4. Julianne 6 P
5. “210” 7,5 P
Du finn elles all info frå arrangøren her.
Askøy Seiflorening har lagt ut ein liten video på http://www.youtube.com/watch?v=4SSKCKf0wMg